Folkehelse er så mangt

 Folkehelse er så mangt. Her om dagen var eg oppom eit idrettsanlegg i Aust-Agder (for å nytte medias tidvise vide skildring, når det er fare for å identifisere den det gjeld). Her var det ein gjeng som løp rundt, ein gjeng som fekk igjen pusten, og ein som "svevde" rundt banen. Ved nærare åsyn viste det seg at vedkommande (eller hen, for å ikkje avsløre kjønn), stod på ein ståhjuling rundt banen i fullt treningsantrekk. Ein skal jo ikkje le av andre, så eg drog derifrå.

Men det fekk meg til å reflektere litt rundt det med alle nye ting me omgir oss med, og folkehelse. Ein ting med denne maskina, er at det neppe fremmer helsa til den som står på. Kanskje litt på balansen, men ikkje så mykje meir. Samtidig får jo vedkommande frisk luft, og sannsynlegvis sett meir av verda enn utan. Det same gjeld også el-syklar.

Men så var det det med at folkehelse er så mykje. Produksjonen av desse tinga, krev litt ressursar, som igjen påverkar miljøet. El-bilen blir framheva av miljørørsla som eit flott tiltak, samstundes som ein kjempar mot utbygging av straumnett og vannkraft. Ein kranglar også på høgt plan, om korvidt elektriske dingsar og køyretøy, faktisk representerer eit grønt skille. Og når miljøet blir forureina i ein annan verdsdel, vil det før eller seinare påverke oss her heime, og vår folkehelse.

Alt var ikkje betre før, men det er eit tankekors at me i higen etter å gjera alt så effektiv, ressursbesparande og enkelt for oss sjølve, må oppsøke treningssenter for å halde oss i form. Eg har aldri vore i så god form som då eg lempa trelast og sementsekkar heile somaren (40kg, ikkje 25kg som i dag, men det var ingenting ifølgje bestefar, for dei måtte lempe 2x50kg sekkar i hivet…).

I somar har ein ny trend satt fart i folkehelsa på godt og vondt. Å jakte Pokemons er utvilsamt bra for kondisjonen, men kanskje ikkje like bra for helsa å køyre mot køyreretninga, eller gå utfor ein skrent med nasa i mobilen på utkikk etter desse små.

Det er viktig å koma seg ut i frisk luft og møte andre, men av og til kan det vera lurt å tenke gjennom om det lille eg gjer i min lille krok av verda, kan få følgjer ein annan stad. Det enkle er ofte det beste, og kanskje kan ein gå på skattejakt etter ordentlege ting, etter eit papirkart? Og viss alternativet til el-sykkelen er bil, så er det kanskje ikkje så ille å ha ein el-sykkel likevel?

Så den kjipe lille skrifta, høge pekefingeren eller moralpreken om du vil:
Sjølvbalanserande køyretøy har mellom anna 16 års aldersgrense, og promillegrense på 0,2. Det kan få konsekvensar for foreldre som lar barna bruke Segwayen eller Airwheel til skulen. Mobiltlf kan heller ikkje brukast under køyring. Sjå meir på vegvesenet sine sider ved å søke på "Ståhjuling".

Pokemonjakt må skje med normal folkeskikk. Hugs på kvar du er, og kven som ellers ferdes her, og ikkje minst når på døgnet. Privat eigedom er privat eigedom, sjølv om det er aldri så mykje Pokemons der inne. Ein risikerer straffesak for inntrenging på privat grunn og/eller utilbørlig adferd. Det er også ein del offentlege bygg og eigedommar, som ikkje er rette staden å ferdas på i tide og utide. Trafikkreglar gjeld også for gåande, og ein blir neppe høyrt på at lure-tida snart gjekk ut, når ein krysser vegen utan å sjå seg for.

Minner til slutt på at det er generelt forbode å jakte frå bil og over offentleg veg.

Skitt jakt!

Robert Walther Lie